Vel maskina di, betal 60 % ved oppstart mot faktura, og del resten på 6 — eller 12 — månadlege avdrag. Ingen renter eller gebyr så lenge fakturaene vert betalte ved forfall. Tilbodet gjeld bedrifter.

DTF-printer inkl. tørkeovn og tilbehørssett — no med feriemodus

DTF-printer — pakke inkl. shaker

15-nålers industriell broderimaskin — erstattar ST-1201

15-nålers industriell broderimaskin
Fyll ut bedriftsopplysningane og signer nedbetalingsavtala digitalt — rett på sida.
60 % av totalprisen med 14 dagars forfall. Når han er betalt, sender vi utstyret.
Resten kjem som like månadlege fakturaer — du vel tempoet. Etter siste betaling er utstyret ditt fullt og heilt.
Fortel oss kva maskin eller utstyr du kunne tenkt deg nedbetalingsavtale på, så ser vi kva vi får til.
Takk for tipset!
Vi ser på det — og har du lagt igjen e-post, høyrer du frå oss.
Stekle AS (Kreatek) eig utstyret til heile kjøpesummen er betalt — det er dette salspantet i avtala handlar om. Du brukar maskina fritt i produksjonen din frå dag éin, men ho kan ikkje seljast eller pantsetjast før siste avdrag er betalt.
Ja, når som helst. Ta kontakt, så får du ei sluttfaktura på det som står att av avtalesummen — ingen ekstra gebyr for tidleg innfriing.
Nei. Ved 6 månaders nedbetaling betaler du nøyaktig kampanjeprisen. Ved 12 månader ligg eit fast tillegg i avtalesummen — tala du ser på sida og i kontrakten er alltid det du faktisk betaler, utan overraskingar.
Då gjeld vanleg forseinkingsrente og eventuelt purregebyr. Det viktigaste: ta kontakt tidleg, så avtalar vi ein ny betalingsdato. Fyrst om to slike avtalte datoar blir brotne, kan avtala hevast — slik det står i kontrakten.
Tilbodet gjeld bedrifter (B2B) — difor treng vi organisasjonsnummer ved bestilling.
Så snart oppstartsfakturaen (innskotet du valde — minst 60 %) er betalt, klargjer og sender vi utstyret til leveringsadressa di.
Ja — vanlege garanti- og reklamasjonsreglar for næringskjøp gjeld, og du får norsk support frå Kreatek på utstyret.
Digitalt, rett på sida: fyll inn bedriftsopplysningane, les kontrakten og teikna signaturen med mus eller finger. Du får kopi av den signerte avtala på e-post med ein gong.
Ta kontakt, så hjelper vi deg å velje rett maskin for produksjonen din.