Du treng ikkje kjøpe maskin for å bli affiliate. Del den personlege lenkja di og ten kr 2 500 per selt maskin, 2 % av alt forbruksmateriell og 2,5 % av alt anna som blir kjøpt gjennom ho. Har du nedbetalingsavtale hos oss, kan du i staden få provisjonen som avdragskreditt — og betale ned maskina di med delinga.
Open for alle. Du tener kr 2 500 (inkl. mva) per selt printer eller broderimaskin via lenkja di, 2 % av alt forbruksmateriell og 2,5 % av alt anna. Oppgjer som gåvekort eller utbetaling mot faktura — du vel. Du får tilgang til mediabanken med ferdige annonsar, bannerar og tekstar, og har du ikkje eiga maskin, kan du kjøpe rabatterte gangsheets av oss så du kan lage videoar og stories med ekte trykk.
For deg som kjøper (eller har) maskin med nedbetalingsavtale hos oss. Du betaler 60 % av maskinverdien ved påmelding/signering av di eiga avtale — og deretter kuttar kvar maskin seld via lenkja di kr 2 500 av det du skuldar. Sel nok, og maskina di er nedbetalt før avtala er ute.
Fyll inn skjemaet under, så får du din eigen vervekode og lenkje på e-post med ein gong.
Legg ho i nyheitsbrevet, på nettsida, i sosiale medium — eller send ho direkte til folk du veit treng maskin. Kravet: fyrste innlegg innan 14 dagar, deretter minst to i månaden — og gjerne fleire, dei mest aktive tener mest. Bruk mediabanken i portalen: ferdige bannerar og tekstar du kan dele rett ut. Hugs å merke innlegga som reklame.
Kvar maskin som blir kjøpt via lenkja di gir kr 2 500 i kreditt på neste avdragsfaktura. Automatisk sporing — du treng ikkje gjere noko.
Døme for nedbetalingspartnarar med SKA3-avtale (kr 36 246 att etter oppstart):
Sel du for meir enn du skuldar? Ta kontakt — då finn vi ei god løysing saman.
Gratis og uforpliktande. Lenkja kjem på e-post med ein gong.
Du er med! Koden din er
Vervelenkja di (òg sendt på e-post):
Neste steg: logg inn i partnarportalen og signer samarbeidsavtala digitalt — då er alt klart.
Vilkår i korte trekk: Nedbetalingsspor: føreset eiga nedbetalingsavtale der 60 % av maskinverdien betalast ved påmelding/signering. Kreditten/gåvekortet på kr 2 500 gjeld per gjennomført sal (signert avtale og betalt oppstartsfaktura) av maskiner på nedbetaling.kreatek.no via lenkja di, og blir godskriven som avdrag på di aktive nedbetalingsavtale hos Stekle AS (Kreatek) på neste faktura. Kjøp til eiga verksemd tel ikkje. Aktivitetskrav: fyrste innlegg innan 14 dagar etter signering og minst to innlegg per månad, registrert i portalen; under kravet to månader på rad kan gi pause i lenkja etter varsel. Fri affiliate: 2 %/2,5 %-satsane gjeld kjøp via lenkja; oppgjer etterskotsvis per månad. Ved nedbetalingskjøp blir provisjonen utløyst i takt med kunden si betaling: innskotsdelen fyrst, resten per månadsavdrag. Programmet kan endrast eller avsluttast med rimeleg varsel; opptent kreditt står seg. Kreditten er ein prisreduksjon på di eiga maskin.